
På Lid skule hadde vi ikkje gymsal. Vi hadde oftast gymtimane ute. Eg trur lærarane var flinke til å slå sammen timar, og forandre på timeplanen litt etter veiret. Iallfall hadde vi longe friminutt/gym når det var bra veir, og heller lengre timar når det var dårlig veir. Var det snø, fekk vi renne oss i Jobakken. På ski og akebrett, ofte på plastposar og krysfinèrplater. Fekk sånn fart at me fór over vegen med et hopp og longt ned på den andre marka ?
Då hende det at me «ikkje haurde» at Johan banka på glaset med ringen sin, – det var tegnet på at friminuttet var slutt, me hadde ikkje klokke som ringde inn og ut. Men når han kom ut på skuletrappa: – yoho,no må dokke kome- då måtte me berre pittle oss inn igjen.
På skuleplassen laga me labyrintar i snø. Eller snøborger og hadde snøballkrig. Bygde snøhytter, og laga snømenn. Me ofra både hue og sjerf til dei.
Det var ingen som bestemte kva me skulle styre med. Me fann på sjølve. Var i lag og samarbeidde. Kanskje kan eg ikkje hugse det, eller opplevde mobbing på kroppen sjølv, – men eg trur ikkje det var mykje av det. Me erta og plaga kvarandre og rauk ihop sjølvsagt, men stort sett gjekk det fint. Store og små leika i lag. Og lærarane fylgde nok meir med enn me trudde.
Hadde me gym inne, var det bøy og tøy.
Var det skikkelig dårlig veir fekk me vere inne i friminutta, men det var ikkje ofte, og då gjerne i samband med gruppearbeid eller juleførebuing, e.l. Dessutan gjorde det godt å få lufta klasseromma ei stund, so me måtte oftast ut ?

Me brukte å ha skidag på Eidheim. Ein gong, -me hadde Liv Lid Sunde til lærar/ vikar, eg hadde akebrett og ikkje ski på den dagen. Vart skikkelig våt, kald og sikkert sur også
Trur eg fekk fare heim før dei andre. Liv laga diplomar til oss. På diplomen eg fekk sto det:
«For våtast og kaldast på føtene».
Den var fin