Eg er so heldig at eg hadde ei mor som var veldig flink til å lage mat og bake kaker. Ho hadde alltid noko godt på lur i frysaren, om ho ikkje hadde nybaka.
Helgakosen for oss var når ho dekka på i stova til «kaffi» laurdag og søndag ettermiddag. Det var lys på bordet, alltid gokaker, av og til var det vaffler eller bollar og kakao
Det er spesiellt ei kake som står som den mest spennande og spesielle: Biggikaka. Den baka ho ikkje ofte, sikkert til spesielle anledningar eller eit og anna foreiningsmøte
Den er litt vanskelig å kjevle ut og er litt tidkrevande, so eg kan forstå det. Den blir baka ut og steikt i tre lag, eit med kakao.
Mellom desse laga skal det vere eit tynt lag med tjukk vaniljekrem.
Dei tre laga leggast also oppå kvarandre, med vanilkrem imellom, kakaodelen skal vere i midten, sjølvsagt På toppen skal det vere melisglasur og kakestrø i fine fargar.
Og no kjem den spennande, spesielle delen for oss som var so heldige og vere i nærheita når ho laga denne kaka: Vi fekk ete kantane Den måtte skjerast til slik at det vart fine kakesykke før det vart servert. Trur ikkje eg veit noko som er so godt som desse kantane var
Og like viktig som at kantane var beine, var at kakestykka vart skorne opp i skrå stykker. (ellers smakar den nok ikkje sameleis )
Har ein teori om at ALLE som har vore so heldige og ete desse kantane eller smakt denne kaka kan huske det veldig godt
GOD HELG
For et koseleg minne??