I går fann me ut at det kunne passe og ta den årlige turen til Valldal og Jordbærstova, og ete verdens beste jordbærkake


Denne kaka er åleine verdt å ta en tur til Valldal, om so eins ærend
Og når ein først er fram i dalen der, må ein stoppe på ei av budene og kjøpe med seg dagsferske jordbær. Der me stoppa, sat det to blide jenter, som syns det var kjekt at me kom. I det me var ferdige å handle, kom det en buss og stoppa. Då bleikna dei litt og det kom et par sukk, både av frykt og glede trur eg: OHJ, en heil buss… So det passa bra at me kunne fare vidare

Når ein først er i Valldal, må ein sjølvsagt innom Valldal Safteri og handle. Heilt sidan 1919 har dei laga saft og sylte av topp kvalitet.
So vart spørsmålet: Skal me fare heim, eller vidare?
Me for vidare Tok ferga Linge – Eidsdal. Og når ein gjer det,må ein innom Melchior

Kjekt å treffe Torunn og Petter, og hefte dei i arbeidet sitt. No er det høgsesong med bringebær, i tillegg til alt anna. Dei står på. Fantastisk flinke folk
Dei lagar virkelig verdens beste bringebærsaft. Nytt på markedet er drikkeklar bringebærsaft og eplesaft. Sjølvsagt måtte me ha med nokre godsaker heim
Til og med et nydelig kjeskinn
So gjekk turen vidare til Geiranger.

Me var svoltne og ville finne oss litt middag. Ei lita runde først berre. Då var me so heldige at me traff Lene, som snart var ferdig på jobben sin som handler av ribb-båt-turane på Geirangerfjorden. Ho ba oss på kaffi etter middagen

Det vart kokemør på Naustkroa. Og må sei det er imponerande kor flinke disse unge servitørane er. Når me kom der var det tydelig et vaktskifte på gang. Ein kunne sjå kor slitne dei var, dei som skulle gå av vakt. Likevel var dei meeget effektive. Det kom og gjekk gjestar uavladelig. Ikkje rart at smila hadde stivna litt
Fin ungdom.
Det er med skam og melde at me gjekk forbi Geiranger sjokolade
Nettopp vore i London og teke imot ei sølv og to bronse i Internasjonal Chokolate Awards 2017, for sjokoladen sin
Eit tilbud me ikkje kunne sei nei til:
Kaffi, jordbær og is, på hytta til Lene og Leif

Veldig koselig. Og kjekt å sjå Geiranger frå en anna vinkel.

Takk for oss
So barst det strake vegen heim, om Stryn. Me starta ca. 11.30 og var heime 21.30. Ein fullt overkomelig dagstur, som inneheldt monge fine opplevingar. Faktisk innom tre fylker, og seks kommuner.
Og alle var me einige om at det hadde vore ein fin tur
Kjekt å få være med på den flotte turen dokka på bloggen ?
Du skriv så levande at eg får lyst til å setje meg i bilen. Vi har vore ein del turistar i eige nærområde vi også i sommar. Når ein har besøk blir det til at ein kjem seg ut og får sett slikt ein berre les om : Loen skylift
f.eks. Ei flott oppleving…